U
Utsjånad
| U | |||||
| | |||||
| | |||||
| Bruk | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Det latinske alfabetet | ||||
| Type | alfabet | ||||
| Opphavsspråk | Latin | ||||
| Fonetisk bruk | [u] [w] [ʉ] [y] [ʏ] [h] [ʊ] [iː] [ɨː] [ʌ] [ɛ] /juː/ | ||||
| Unicode | U+0055, U+0075 | ||||
| Plass i alfabetet | Talverdi: 21 | ||||
| Historie | |||||
| Utvikling | |||||
| Tidsperiode | 1386 til no | ||||
| Etterkomarar | • W • ᴝ • ꭎ • ∪ • ∩ | ||||
| Slektningar | F W Ѵ У Ў Ұ Ү ו و ܘ וּ וֹ ࠅ 𐎆 𐡅 ወ વ ૂ ુ उ | ||||
| Anna | |||||
| Vanleg tilknytte bokstavar | u(x), qu | ||||
| Tilknytte tal | 21 | ||||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||||
U (u) er den 21. bokstaven i det latinske alfabetet og eigentleg same bokstav som Y (ypsilon) i det greske alfabetet, der denne opphavleg hadde lydverdien u. Då grekarane i staden uttalte han y, skreiv dei ου for å vise til u-lyden. Etruskarane, og etter dei romarane, overtok bokstaven med forma V. Den avrunda forma U er berre ein seinare skriftvariant av den same bokstaven. Først frå 1500-talet av vart det vanleg å skilje mellom u og v i latinsk rettskriving. I gotisk skrift er n og u lik kvarandre, og for å lette lesinga sette ein frå 1400-talet av ofte ein liten boge over u-en. I runealfabetet er bokstaven andre rune i første ætt.
U vert på norsk norsk og svensk uttalt lenger framme og er trongare enn den såkalla «europeiske» u-en.
U kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- kjemisk symbol for uran
- forkorting på latin som tyder Urbs eller «byen», det vil sei Roma.
u kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- internasjonalt godkjent symbol for atommasseeininga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «U – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.