L
Utsjånad
| L | |||
| | |||
| Bruk | |||
|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
| Type | Alfabet | ||
| Opphavsspråk | Latin | ||
| Fonetisk bruk | |||
| Unicode | U+004C, U+006C | ||
| Plass i alfabetet | 12 | ||
| Historie | |||
| Utvikling | |||
| Tidsperiode | ca. 700 f.Kr. til no | ||
| Etterkomarar | |||
| Slektningar | |||
| Anna | |||
| Vanleg tilknytte bokstavar | l(x), lj, ll, ly | ||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||
L (l) er den 12. bokstaven i det latinske alfabetet og den 11. i det greske alfabetet (Λ λ). Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. Bokstaven heiter på hebraisk lamed, og vart av grekarane omdanna til lambda. Romarane gav bokstaven namnet el. Romartalet L = 50 er oppstått av ei redusert form for den greske bokstaven Ψ (psi).
I runealfabetet er bokstaven femte rune i tredje ætt.
Sjå elles tjukk l.
L kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- talet 50 skrive med romartal
- L er eit alternativ til Na som symbol for Avogadrokonstanten; sjå Avogadro-lova.
- L eller La er symbol for lambert, ei eldre eining for lystettleik.
- etter vitskaplege namn på plante- og dyreslekter og artar, ei forkorting for Linné.
- namnet på ein roman av Erlend Loe
- nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Luxembourg
- på tyske bilskilt: Leipzig
- på irske bilskilt: Limerick
- på austerrikske bilskilt: Linz
- på norske bilskilt før 1971: Rogaland fylke
- på spanske bilskilt før 2000: Lleida
- forkorting for det romerske namnet Lucius.
l kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- symbol for liter, eininga for volum i SI-systemet.
- forkorting for det latinske ordet liber, som tyder 'bok'.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «L – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.