Hopp til innhald

Asterisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
*
Asterisk
UnicodeU+002A * ASTERISK (*, *)

Asterisk (*, Unicode U-066D) er eit typografisk symbol. Namnet kjem av gresk ἀστερίσκος, asteriskos og tyder ‘lita stjerne’.[1][2]

Ein brukar teiknet * (asterisk) i overkant av ei tekstline for å markere at ein viser til ein fotnote.

Innan språkhistorie vert teiknet * (asterisk) framom eit ord eller uttrykk bruka for å markere at forma er konstruert, men ikkje påvist.

Innan språkvitskapen vert teiknet * (asterisk) brukt for å vise at eit ledd eller ein setning er ugrammatisk.[3]

I programmeringsspråk og i rekneark vert * (asterisk) bruka som multiplikasjonsteikn (gongeteikn).

  1. «asterisk». American Heritage Dictionary. Arkivert frå originalen 8. desember 2015.
  2. Henry George Liddell; Robert Scott (red.). «ἀστερίσκος». A Greek-English Lexicon. Arkivert frå originalen 17. januar 2021.
  3. «asterisk» i Store norske leksikon, snl.no.