Weinstadt
Utsjånad
| Weinstadt | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 31,71 km² | ||
| Folketal | 27 245 (31. desember 2023) | ||
![]() Weinstadt 48°48′40″N 9°21′56″E / 48.811111111111°N 9.3655555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Weinstadt | |||
Weinstadt er ein by og ein kommune i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland, om lag 15 km aust om Stuttgart. Kommunen omfattar 31,7 km² og har eit folketal på 27 000.
Kommunen består av fem bydelar som opp til 1975 var eigne byar eller landsbyar: Beutelsbach, Endersbach, Großheppach, Schnait og Strümpfelbach. Dei vart då slått saman til den nye eininga Weinstadt.
Weinstadt er mest kjent for sine vingardar og sin vinproduksjon. Vin-samlaget Remstalkellerei i Beutelsbach er ein stor vinprodusent i Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Weinstadt» frå Wikipedia på tysk, den 22. juli 2023.
