Under Wraps
| Under Wraps Studioalbum av Jethro Tull | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 7. september 1984 | |
| Innspelt | Våren 1984 | |
| Studio | Heimestudioet til Ian Anderson | |
| Sjanger | Kunstrock, elektronisk rock, synthpop | |
| Lengd | 43:13 | |
| Selskap | Chrysalis | |
| Produsent | Ian Anderson | |
| Jethro Tull-kronologi | ||
|---|---|---|
| The Broadsword and the Beast (1982) |
Under Wraps | A Classic Case (1985)
|
| Singlar frå Under Wraps | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
| Sputnik Music | |
Under Wraps er det 15. studioalbumet til rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1984. Songane er kraftig påverka av frontmannen Ian Anderson sin forkjærleik for spionasjelitteratur.[3]
Albumet var kontroversielt hos Tull-fans då det kom ut på grunn av den elektroniske synthpop-stilen som var typisk for 1980-åra. Dave Pegg har sagt at det hadde vorte eit betre album om dei hadde nytta songane som ikkje kom med på Broadsword and the Beast,[3] medan Martin Barre har kalla det eit av favoritt-Tull-albuma hans.[4] Albumet nådde 76. plassen på Billboard 200 og 18. plassen på den britiske albumlista. Singelen «Lap of Luxury» nådde 30. plassen.[5]
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]I motsetnad til tidlegare album, der Anderson skreiv alle songane sjølv, var Under Wraps det første Jethro Tull-album sidan This Was der dei fleste songane var skrivne i lag med andre i bandet, hovudsakleg Peter-John Vettese.
Det er òg det einaste Jethro Tull-albumet utan trommeslagar. Det vert berre nytta elektroniske trommemaskinar. Etter innspelinga vart Doane Perry med i bandet på turneen for albumet og vart så den permanente trommeslagaren deira.
Albumet vart spelt inn våren 1984 i heimestudioet til Anderson.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Den originale utgjevinga i 1984 hadde 11 spor og «Astronomy», «Tundra», «Automotive Engineering» og «General Crossing» fanst berre på kassettversjonen. Av desse ekstra songane vart «General Crossing» den første Jethro Tull-songen som aldri vart gjeven ut på vinyl, sidan dei andre vart gjevne ut på singlar. Nyare CD-utgåver inkluderer òg bonusspor og i alt 15 spor. 2005-utgåva av albumet har òg med musikkvideoen til «Lap Of Luxury».
Konsertutgåver
[endre | endre wikiteksten]For å marknadsføre Under Wraps la Jethro Tull ut på turné og tom som vanleg nokre kunstnariske steg i sceneutforminga. Som dei hadde gjort på liknande vis på Thick as a Brick-turneen, kom scenearbeidarar ut på scenen og kosta golvet, talde publikummet og studerte staden. Alle bandmedlemmane og instrumenta var pakka inn i gråpapir. Dei var altså pakka inn eller «under wraps» på engelsk. Desse vart kasta av då musikken starta.[6] Under turneen fekk Anderson problem med stemma si som førte til at han måtte opererast og ta ein lengre pause frå bandet.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Original vinyl
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av Ian Anderson og Peter-John Vettese, utanom der andre er nemnde
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Lap of Luxury» | Anderson | 3:35 |
| 2. | «Under Wraps #1» | Anderson | 3:59 |
| 3. | «European Legacy» | Anderson | 3:23 |
| 4. | «Later, That Same Evening» | 3:51 | |
| 5. | «Saboteur» | 3:31 | |
| 6. | «Radio Free Moscow» | 3:40 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Nobody's Car» | Anderson, Martin Barre, Vettese | 4:08 |
| 2. | «Heat» | 5:37 | |
| 3. | «Under Wraps #2» | Anderson | 2:14 |
| 4. | «Paparazzi» | Anderson, Barre, Vettese | 3:47 |
| 5. | «Apogee» | 5:28 |
CD
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Lap of Luxury» | Anderson | 3:35 |
| 2. | «Under Wraps #1» | Anderson | 3:59 |
| 3. | «European Legacy» | Anderson | 3:23 |
| 4. | «Later, That Same Evening» | 3:51 | |
| 5. | «Saboteur» | 3:31 | |
| 6. | «Radio Free Moscow» | 3:40 | |
| 7. | «Astronomy» | 3:38 | |
| 8. | «Tundra» | 3:41 | |
| 9. | «Nobody's Car» | Anderson, Barre, Vettese | 4:08 |
| 10. | «Heat» | 5:37 | |
| 11. | «Under Wraps #2» | Anderson | 2:14 |
| 12. | «Paparazzi» | Anderson, Barre, Vettese | 3:47 |
| 13. | «Apogee» | 5:28 | |
| 14. | «Automotive Engineering» | 4:05 | |
| 15. | «General Crossing» | 4:02 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jethro Tull
- Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar, trommeprogrammering, Fairlight CMI
- Martin Barre – elektrisk gitar
- Dave Pegg – bassgitar, kontrabass
- Peter-John Vettese – klaverinstrument, elektronisk programmering
- Teknisk
- Trevor Key - fotografi
- John Pasche - kunst, design
- Sheila Rock - fotografi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Under Wraps (Jethro Tull album)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Patrick Little. «Under Wraps - Jethro Tull | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. mai 2019.
- ↑ «Jethro Tull Under Wraps Review». Sputnikmusic.com. Henta 18. mai 2019.
- 1 2 Minstrels in the Gallery: History of Jethro Tull by David Rees ISBN 978-0-946719-22-8
- ↑ Rees, David (1998). Minstrels in the Gallery: A history of Jethro Tull. Firefly. ISBN 0-946719-22-5.
- ↑ «Under Wraps - Jethro Tull | Awards». AllMusic. Henta 18. mai 2019.
- ↑ «Jethro Tull - Full Concert - 10/28/84 - Capitol Theatre (OFFICIAL)». YouTube.com. 6. januar 2015. Henta 18. mai 2019.