Tan Dun
| Tan Dun | |||
| | |||
| Fødd | 18. august 1957 (68 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Changsha | ||
| Fødenamn | (kinesisk skrift 谭盾, pinyin Tán Dùn | ||
| Opphav | Folkerepublikken Kina | ||
| Aktiv | 1983– | ||
| Sjanger | opera | ||
| Instrument | viola d’amore | ||
| Verka som | komponist, viola d'amore player, dirigent, filmmusikkomponist | ||
| Prisar | Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Musikpreis der Stadt Duisburg, Oscar for beste originalmusikk, Grawemeyer-prisen, Grawemeyer Award for Music Composition, Eugene McDermott Award in the Arts at MIT, Classic Brit Awards, Ellis Island Medal of Honor | ||
Tan Dun (fødd 18. august 1957) er ein oscarvinnande kinesisk-amerikansk komponist busett i New York. Han er særleg kjend for å ha skrive filmmusikk.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Tan Dun vart fødd i Changsha i Hunan-provinsen i Kina. Han studerte ved musikkonservatoriet i Beijing før han flytte til New York i 1980-åra og studerte ved Columbia University. Han er etter kvart vorten kjend for å bruka uortodokse instrument i komposisjonane sine; mellom anna har han skrive eit verk der han berre nyttar papir i ulike former til å laga musikk. I eit anna verk nyttar han vasskåler som perkusjon.
Tan Dun har skrive både symfoniar og operaar. Den fyrste operaen hans, Marco Polo, hadde urpremiere i München i 1996. Operaen Peony Pavilion vart urframført i 1998, Tea: A Mirror of Soul i 2002 og The First Emperor i 2006.
Filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]Tan Dun har m.a. skrive filmmusikken til fylgjande filmar:
- Fallen (1998)
- Snikende tiger, skjult drage (2000)
- Ying Xiong eller Hero (2002)
- Ye Yan, eller The Banquet (2006)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om Tan Dun, henta inn 2. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tan Dun på imdb.com
- Offisiell nettstad. Arkivert 2011-10-26 ved Wayback Machine.