Merriam-Webster
Utsjånad
| Merriam-Webster | |||
| | |||
| Skipa | 1831 | ||
|---|---|---|---|
| Morselskap | Encyclopædia Britannica Inc. | ||
| Hovudkontor | Springfield, Massachusetts | ||
| Land | USA | ||
| Produkt | programvare, bok | ||
| Grunnleggjar(ar) | Noah Webster | ||
| Nettstad | https://www.merriam-webster.com/ (engelsk) | ||
Merriam-Webster er eit amerikansk selskap som gjev ut oppslagsverk. Det er særleg kjend for ordbøkene sine.
Selskapet vart grunnlagd av brørne George og Charles i 1831 under namnet G & C Merriam Co. i Springfield i Massachusetts.[1] Då leksikografen Noah Webster døydde i 1843, kjøpte dei ut retten til An American Dictionary of the English Language. Nye og avleidde utgåver kom ut med namnet Webster . I 1964 vart selskapet kjøpt av forlaget bak Encyclopædia Britannica, som det no er ein del av. Det noverande namnet, Merriam-Webster, Incorporated, går attende til 1982.[1]
På 1980-talet byrja selskapet gje ut elektroniske oppslagsverk på CD-ROM. I 1996 opna det ein nettstad der ein kunne slå opp i nokre av oppslagsverka deira.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Merriam-Webster dictionary | History & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. januar 2019