Mâcon
| Mâcon | |||
|---|---|---|---|
|  | |||
| 
 | |||
| Land Region Departement | Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Saône-et-Loire | ||
| Flatevidd | 27,04 km² | ||
| Flatevidd • By | 27,04 km² | ||
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik | 34 469 1 275/km² | ||
| Koordinatar | 48°18′N 04°50′E / 48.300°N 4.833°E | ||
| Høgd | 175 m | ||
| Tidssone • Ved sommartid | CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
| Postnummer | 71000 | ||
| Nettstad: www.macon-bourgogne.com | |||
Mâcon er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 35 000 innbyggjarar.
History
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd som Matisco på 100-talet fvt. og vart rask eit travelt vegkryss. Byen låg på grensa mellom Frankrike og Det tysk-romerske rike frå 843 til 1600, og blømde som følgje av tolloppgåvene han fekk. Mâcon vart ein skanse for hugenottar på 1500-talet. I 1790 vart Mâcon hovudstad i departementet Saône-et-Loire. Motstandsrørsla var delvis aktive her under den andre verdskrigen og var den første byen i den franske sona mellom Paris og Lyon.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Området produserer vin, som Pouilly-Fuissé. Byen har òg støyperi og fabrikkar som produserer motorsyklar, elektrisk utstyr og klede. Byen trekk òg til seg turistar, særleg til gamlebyen frå 1400-talet.
Tour de France har ofte løype gjennom Mâcon på veg ned frå Alpane.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mâcon
 Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mâcon
 
	