Internet Archive
Utsjånad
| Internet Archive | |||
| | |||
| Type | Ideell organisasjon | ||
|---|---|---|---|
| Skipa | 1996 | ||
| Hovudkontor | San Francisco | ||
| Leiar | Brewster Kahle | ||
| Tenester | Wayback Machine, Open Library | ||
| Omsetjing | 30 547 311 US-dollar (2022, 2022) | ||
| Donasjonar | 23 120 084 US-dollar (2022) | ||
| Tilsette | 200 | ||
| Motto | universal access to all knowledge | ||
| Nettstad | https://archive.org/ | ||
Internet Archive er ein ideell organisasjon som arbeider med å skapa og oppretthalda eit nettbasert bibliotek og arkiv av internett- og multimediaressursar. Organisasjonen er geografisk plassert i San Francisco i California i USA.
Internet Archive omfattar blant anna Wayback Machine, eit digitalt tilgjengeleg internettarkiv. Innhaldet inkluderer kopiar av nettsider, som regel fleire kopiar tatt på ulike tidspunkt, dataprogram, filmar, bøker og lydopptak.
For å sikra stabilitet, sikkerhet og tilgang er Internet Archive spegla hjå Biblioteket i Alexandria.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Web archive». Bibliotheca Alexandrina. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 11. oktober 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Internet Archive» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2019.