Hopp til innhald

Igor Netto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igor Netto


Verkeleg namnИгорь Алексарович Нетто, Igor Aleksandrovitj Netto
StatsborgarskapSovjetunionen, Russland
Fødd9. januar 1930
Moskva
Død 30. mars 1999 (69 år)
Moskva
Idrettfotball, ishockey
Tok del i VM i fotball 1962, VM i fotball 1958, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, EM i fotball 1960
Utmerkingar Leninordenen, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen, Honoured coach of the RSFSR

Igor Aleksandrovitsj Netto (9. januar 193030. mars 1999) var ein russisk fotballspelar, fødd og død i Moskva. Han vart olympisk meister 1956 og europameister 1960 med Sovjetunionen.

Igor Netto til venstre, saman med Sergej Salnikov og Lev Jasjin i 1958

Netto var ein spelar som både vart nytta i forsvaret og på midtbana. Han spelte på Spartak Moskva i tida 1949-1966. I denne perioden var han med å vinne fem seriegull og tre cupfinalar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Netto fekk sin landslagdebut i finske Kotka under dei olympiske sommarleikane 1952. Frå og med 1954 og sin fjerde landskamp var han fast landslagskaptein. Hausten 1956 leidde han laget til olympiske gullmedaljar under Sommar-OL 1956 i Melbourne. I finalen 8. desember vann Sovjetunionen med 1-0 over Jugoslavia. Han deltok i fotball-VM 1958, men spelte berre kampen mot Brasil. Den 10. juli 1960 møttest Jugoslavia og Sovjet til ein ny meisterskapsfinale, den aller fyrste finalen i ein europameisterskap i fotball. Finalen i Paris vart avgjort då Sovjet gjekk opp i 2-1 etter 113 minuttars spel, slik at Netto få minuttar seinare kunne heve den nye EM-pokalen. I 1962 spelte han alle Sovjets kampar under VM i fotball 1962, i ein meisterskap laget rauk ut mot arrangørlandet Chile i kvartfinalane. Medrekna ein hengekamp våren 1965 spelte Netto 54 landskampar for Sovjetunionen og skåra fire mål.

  • Olympiameister: 1956 med Sovjetunionen
  • Europameister: 1960 med Sovjetunionen
  • Sovjetisk seriemeister: 1952, 1953, 1956, 1958 og 1962 med Spartak Moskva
  • Sovjetisk cupmeister: 1950, 1958 og 1963 med Spartak Moskva