Hongkong
| Hongkong | |||
| 香港 | |||
| spesiell administrativ region | |||
|
|||
| Forkorting: Hong Kong SAR / HKSAR | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Hongkong | ||
| Areal | 1 105,69 km² | ||
| Folketal | 7 413 070 (2021) | ||
| Språk | engelsk, kantonesisk | ||
| Tidssone | UTC +8 | ||
| Retningsnummer | +852 | ||
| Domene | .hk | ||
![]() Hongkong 22°16′42″N 114°09′31″E / 22.278333333333°N 114.15861111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Hong Kong | |||
Hongkong[a] (pinyin Xiānggǎng eller Yale romanisering av kantonesisk Hēunggóng) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong. Hongkong ligg på ei halvøy kalla «dei nye territoria» og på øya Hong Kong. Hongkong har om lag 7,5 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav ho året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg mot å krevje området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtala slo fast at Hong Kong fekk rett til å halde fram med kapitalistisk økonomi og demokratisk styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Universitet er mellom anna Hongkongs polytekniske universitet[1] (også kalla PolyU), Lingnan-universitetet,[2] The Education University of Hong Kong[3] og Chinese University of Hong Kong.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Hongkong om natta.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Holm, Gro (17. november 2019), «Politiet stormer universitet i Hongkong: Demonstranter har tent på inngangen», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2019
- ↑ Strømmen, Kjersti (16. november 2019), «Kinesiske studenter: – Vi angrer på studier i Hongkong», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2019
- ↑ University title approved, HK Government news, 26. januar 2016

