Hopp til innhald

Faringdon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faringdon
tettstad
Marknadsstaden i Faringdon.
Land  England
Region Oxfordshire
Distrikt Vale of White Horse
Folketal 7 121
Postnummer SN7
Retningsnummer 0 1367
Kart
Faringdon
51°39′25″N 1°35′10″W / 51.657°N 1.586°W / 51.657; -1.586
Wikimedia Commons: Faringdon

Faringdon er ein marknadsstad i Vale of White Horse, nær Thame-dalen i Sør-England. Sjølve tettstaden ligg mellom elva Themsen og Ridgeway i Oxfordshire.

I 2004 fekk Faringdon status som fairtrade-stad. Faringdon er også basen til Faringdon Gateway, som hjelper forretningar i Oxfordshire med utvikling og oppretthalding.

Namnet Faringdon tyder 'bregnedekt ås'. Kongane av Wessex og seinare England åtte eit palass lokalisert i Faringdon. Det har gått rykte om at ein av kongane døydde der, men det er truleg ikkje sant.

Vekemarknaden blei til allereie på 1200-talet, og er halden ved like den dag i dag.

Under den engelske borgarkrigen vart Robert Pye halden som fange i sin eigen heim i Faringdon. Huset hans står den dag i dag i tettstaden, og det noverande huset blei bygd i 1750.

Buss i Oxford

Faringdon er forbunde til Wantage med vanlege bussruter. Reisa tar bortimot 30 minutt og går innom stadane som ligg i mellom. I 2007 var nyttinga av tilbodet så dårleg at ruta står i fare for å bli lagt ned. Faringdon er også bunde til Swindon og Oxford med vanlege bussruter.

I 1864 opna ei nærmare seks kilometer lang jernbanelinje mellom Faringdon og hovudlinja ved Uffington, finansiert av Faringdon Railway Company. Passasjertalet var størst i 1913, men etter at passasjertalet sokk dramatisk blei linja stengd i 1951.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Faringdon