Hopp til innhald

Famn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Famn er ei gammal eining for lengd eller eit mål for ved. Med ein famn forstår vi i dag til vanleg ei lengd på om lag 1,88 meter eller ein vedstabel på 2,4 lauskubikkmeter.

Famn som lengdemål

[endre | endre wikiteksten]

Ein famn var ei lengd på tre alen, eller 1,882 meter. Famn vert framleis brukt av eldre fiskarar som mål på sjødjupn og lengd på fiskereiskap.

Famn som vedmål

[endre | endre wikiteksten]

Ein famn ved var opphavleg ei vedmengd som målte ein famn i breidd og høgd, medan lengda varierte ettersom ein selde alenved eller langved.

Då meterkonvensjonen vart innført i 1875, vart det bestemt at ein famn alenlang ved i metrisk vedmål skulle vere ein stabel 2 meter brei og 1,85 meter høg av 6 desimeter lang ved.

Ved kongeleg resolusjon av 25. juni 1936 vart det bestemt at ein famn ved skulle måle 2 m x 2 m x 1 m (4 m³), medan

  • ein lakterfamn måler 2 m x 2 m x 2 m = 8 m³
  • ein storfamn måler 2 m x 2 m x 3 m = 12 m³
  • ein småfamn måler 2 m x 2 m x 0,6 m = 2,4 m³

Etter Norsk Standard NS 4414 (1997):

  • Ein famn ved skal måle 4m x 1m x 0,60 m eller 2 m x 2 m x 0,6 m og tilsvare 2,4 lauskubikkmeter (lm³) stabla ved.
  • Ein famn kappa i 30 cm lengder tilsvarer ca 3,3 lm³ ved som ikkje er stabla.
  • Ein storfamn ved er 2 m x 2 m x 3 m lengd.

Ved sal av kappa ved skal ein ikkje gjere fråtrekk for mellomromma mellom dei enkelte vedstykka. Derfor vil ein famn 60 cm ved innehalde om lag 1,6 m³ fastmasse.

Brennverdiar

[endre | endre wikiteksten]
  • Ein famn (2,4 lm³) bjørkeved (25 % fuktigheit) har ein brennverdi på 2445 kWh
  • Ein famn granved (25 % fuktigheit) har ein brennverdi på 1935 kWh
  • Ein famn fureved (25 % fuktigheit) har ein brennverdi på 2240 kWh
Gamle norske lengdeeiningar
Forholdet mellom einingane (fra 1541) Omrekning til SI-systemet - frå år
namn teiknB famn alen fot kvart tomme linje skruppel 1274C 1274D 1541E 1683F 1824G 1875H 1959J eining
1 famn 1A3612 7286410368 1,4221,6591,89781,88821,88251,88221,8288m
1 alen 13124 242883456 47,40055,30063,26062,94062,75062,74060,960cm
1 fot I161212 121441728 --31,63031,47031,37531,37030,480cm
1 kvart 11214121 672864 11,85013,82515,81515,73515,68815,68515,240cm
1 tomme II17212411216 112144 2,6332,6332,6362,6232,6152,6142,540cm
1 linje III186412881144172 112112 2,1942,1942,1972,1852,1792,1782,117mm
1 skruppel IV11036813456117281864 1144112 1 0,1830,1830,1830,1820,1820,1820,176mm
AGrøn bakgrunnsfarge viser eksakte verdiar. BSkrive: 5I 11II 7III 10IV uttalt: fem fot, elleve tommar, sju linjer og ti skruplar = 181,998 cm (int. tomme)
CMagnus Lagabøtes landslov definerte ei Ckort alen og ei Dlang alen. Avsette ein den kortasteC tommelalna (=18II) på ei stikke, trengte stikka eit handtak, som naturleg vart ein handsbreidd (= 3II). Den lengsteD stikka vart då 21II. ESjællandsk alen vart tatt i bruk. FSystemet til Ole Rømer innført ved lov. GI samband med lausrivinga frå Danmark held ein på Ole Rømer-systemet, men måleiningane vart reviderte i lov av 28. juli 1824. HNoreg innførte SI-systemet. Loven innførte omrekningsreglar til det gamle systemet. JInternasjonal tomme definert etter SI-systemet. I Noreg vart einingane alen, kvart, tomme og famn brukt. Fot, linje og skruppel vart nesten ikkje brukt.