Hopp til innhald

Exxon Mobil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Exxon Mobil


BransjePetroleumsverksemd
Skipa5. august 1882
EigarBlackRock
Eigenandel iEsso
LandUSA
Produktlithium grease
Grunnleggjar(ar)John D. Rockefeller
Adm.dir.Darren Woods
Salsinntekter48 873 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Omsetnad48 873 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Resultat33 680 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Marknadsverdi474 414 000 000 USA-dollar (22. august 2025)[2]
Nettstadhttps://corporate.exxonmobil.com/ (engelsk)
Exxon-bensinstasjon i USA. I andre delar av verda vert Mobil og Esso nytta som varemerke

Exxon Mobil Corporation eller ExxonMobil (NYSE: XOM), er eit internasjonalt oljeselskap med hovudkvarter i Irving i Texas i USA. Selskapet er nå eit av dei fire største på verdsbasis. I november 1999 fusjonerte dei tidlegare amerikanske oljeselskapa Exxon og Mobil. ExxonMobil er eit morselskap til ei rad Exxon, Mobil og Esso dotterselskap i verda. Konsernleiar i ExxonMobil sidan 2016 er Darren W. Woods.[3]

ExxonMobil i Noreg er representert ved dotterselskapa

  • Esso Norge AS,
  • ExxonMobil Exploration and Production Norway AS og
  • ExxonMobil Production Norway Inc

Oppgåvene er

ExxonMobil er mellom dei tre største føretaka på den norske marknaden for oljeprodukt.

Raffineriet på Slagentangen har meir enn ein tredel av raffinerikapasiteten i landet og kan årleg handsama meir enn 40 millonar fat tilsvarande om lag 6,6 millionar Sm³ eller om lag 5,6 millionar tonn råolje. Til samanlikning vert kapasiteten ved raffineriet på Mongstad rekna å vera om lag 10 millionar tonn råolje for året.

ExxonMobil i Noreg har rettar i produksjonslisensar som gjev eigardelar av petroleumsutvinninga på 24 ulike felt på norsk sokkel. Selskapet sine største volumandelar av attverande olje ligg i Balderfeltet, Granefeltet, Snorrefeltet og Statfjordfeltet. Selskapet har operatøransvar på Balderfeltet. Det tidlegare Mobil i Noreg var kjend for å ha oppdaga og bygd ut Statfjordfeltet. Operatøransvaret for Statfjordfeltet vart overført til Statoil i 1987.

Andel av totale reservar på norsk sokkel er pr 1. januar 2005 107,6 millionar Sm³ olje og 98,4 mrd Sm³ gass. Delen tilsvarar 8,9 % av oljereservene og 3,7 % av gassreservane på sokkelen. ExxonMobil sin del av oljeproduksjonen på sokkelen var i 2004 om lag 15,6 millionar Sm³.

Alle tal for petroleumsreservar er i fylgje Oljedirektoratet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Exxon Mobil