Hopp til innhald

Carpentras

Carpentras
Porte d'Orange i Carpentras
Porte d'Orange i Carpentras
Porte d'Orange i Carpentras
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Vaucluse
Flatevidd 37,92 km²
Flatevidd
  By

37,92 km²
Innbyggjarar
  By (1999)
   - folketettleik

26 090
  688/km²
Koordinatar 44°03′N 05°02′E / 44.050°N 5.033°E / 44.050; 5.033
Høgd 95 m
Tidssone
  Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Postnummer 84200
Nettstad: www.carpentras.fr

Carpentras (oksitansk Carpentràs / Carpentras) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og har om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elva Auzon, ei sideelv til Ardèche. Som hovudstad i Comtat Venaissin oppheldt ofte pavane i Avignon seg her, og dei styrte Venaissin fram til den franske revolusjonen. I dag er Carpentras det kommersielle senteret i Comtat Venaissin.

Carpentras var ein gresk kjøpstad i antikken, og vart av romarane kalla Carpentoracte Meminorum og seinare Forum Neronis. Byen har framleis ein imponerande triumfboge frå romartida, som bispepalasset i byen vart bygd rundt. Byen var sete for ein biskop, og den gotiske kyrkja St. Siffrein, var tidlegare ei domkyrkje.

Carpentras har vore eit viktig senter for franske jødar, og har ei av dei eldste synagogene i Frankrike, frå 1367, som framleis er i drift. I mai 1990 vart ein jødisk gravplass her skjenda.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Carpentras