Hopp til innhald

Multiplikasjonstabell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein multiplikasjonstabell (òg kjend som gangetabell, som blir nytta for å lære skulebarn multiplikasjon) er ein tabell der kolonnane og radene er namngjevne med tala som skal multipliserast, og verdien i kvar celle er produktet av rad- og kolonnenamna.

× 123456789101112131415
1 123456789101112131415
2 24681012141618202224262830
3 369121518212427303336394245
4 4812162024283236404448525660
5 51015202530354045505560657075
6 61218243036424854606672788490
7 714212835424956637077849198105
8 81624324048566472808896104112120
9 918273645546372819099108117126135
10 102030405060708090100110120130140150
11 112233445566778899110121132143154165
12 1224364860728496108120132144156168180
13 13263952657891104117130143156169182195
14 14284256708498112126140154168182196210
15 153045607590105120135150165180195210225

For å rekne ut 3×6 følgjer ein kolonnen (eller raden) 3 eller 6 er i, for så å ta ut talet der dei kryssar, i dette tilfellet talet 18.

Gangetabellen inneheld ikkje utrekningar med talet 0, fordi 0 gangar eit reelt tal alltid er 0.

Den delen av tabellen der faktorane er i området opp til og inkludert 10, kallast gjerne den vesle gangetabellen. Emolette (av nedertysk enmalens, som tyder «eingong ein») eller molett er eit eldre namn på den vesle multiplikasjonstabellen.