Hopp til innhald

Joe Sample

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joe Sample

Fødd1. februar 1939
FødestadHouston
Død12. september 2014 (75 år)
DødsstadHouston
FødenamnJoseph Leslie Sample
OpphavUSA
Aktiv1950s-2014
SjangerJazz
InstrumentPiano, klaverinstrument
Tilknytte artistarJazz Crusaders
PlateselskapBlue Thumb, MCA, GRP, Warner Bros., Verve, ABC Records
Verka somMusikar, komponist

Joseph Leslie «Joe» Sample (1. februar 193912. september 2014) var ein USA-amerikansk pianist, klaverspelar og komponist. Han var ein av dei opphavlege medlemmane i Jazz Crusaders, bandet som berre vart The Crusaders i 1971, og var med i gruppa fram til det siste albumet deira i 1991 (ikkje attsamlingsalbumet i 2003, Rural Renewal).

Frå 1970-åra hadde Sample ein suksessrik solokarriere og var gjesteartist på mange innspelingar for artistar som Miles Davis, George Benson, Jimmy Witherspoon, B.B. King, Eric Clapton, Steely Dan og the Supremes. Sample nytta element av jazz, gospel, blues, latin og klassisk musikk i musikken sin.

Han var ein av dei mange jazzmusikarane som starta med å spele hard bop, men som gjekk elektrisk under jazz-fusion-tida. Seint i 1950-åra var Sample med på å starte the Jazz Crusaders i lag med trombonist Wayne Henderson, tenorsaksofonisten Wilton Felder, og trommeslagaren Stix Hooper. The Crusaders vart kjend for den unike frontlinja med tenorsaksofon og trombone, og utan trompet. Sample var ein hardt-svingande musikar som kunne takle kordale og modale/skalare improvisasjonar like godt[1], og heldt seg til akustisk piano dei tidlege åra med the Crusaders. Sidan byta han til elektriske klaverinstrument, då bandet vendte seg mot jazzfunk tidleg i 1970-åra, og droppa «jazz» frå namnet sitt. Sjølv om han hadde spelt inn albumet Fancy Dance som ein triopianist i 1969, vert Rainbow Seeker frå 1978 ofte skildra som det første albumet hans som leiar. I motsetnad til den ru musikken som the Crusaders var kjendt for, bestod soloalbuma til Sample meir av lyrisk og introspektiv jazzpop.[1]

I 2014 døydde Sample i Houston av mesoteliom, 75 år gammal.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Joe Sample i Paris, 1978
TittelÅrSelskap
Fancy Dance1969Gazell
The Three1976
Rainbow Seeker1978Blue Thumb
Carmel1979Blue Thumb
Voices in the Rain1980MCA Jazz
Swing Street Cafe (med David T. Walker)1981MCA Jazz
The Hunter1982MCA Jazz
Roles1983MCA Jazz
Oasis1985MCA Jazz
Spellbound1989Warner Bros.
Ashes To Ashes1990Warner Bros.
Invitation1993Warner Bros.
Did You Feel That?1994Warner Bros.
Old Places Old Faces1996Warner Bros.
Sample This1997Warner Bros.
The Song Lives On (med Lalah Hathaway)1999GRP
The Pecan Tree2002Verve
Soul Shadows2004Verve
Creole Love Call (med Nils Landgren)2006ACT music
Feeling Good (med Randy Crawford & Steve Gadd)2007PRA
No Regrets (med Randy Crawford & Steve Gadd)2008PRA
Children Of The Sun (med NDR Bigband & Steve Gadd)2012PRA
Live (med Randy Crawford, Steve Gadd & Nicolas Sample)2012PRA

Som sidemann

[endre | endre wikiteksten]

Med Gene Ammons:

Med Kenny Burrell

Med Michael Franks

Med Richard «Groove» Holmes

Med Milt Jackson

Med B. B. King og Eric Clapton:

Med Harold Land

Med Carmen McRae

Med Blue Mitchell

Med Lalo Schifrin

Med Steely Dan

  • Aja (ABC-MCA, 1977)

Med Stanley Turrentine

  1. 1 2 Alex Henderson. «Biografi om Joe Sample». Henta 22. april 2016.
  2. «Prestige Records Catalog Series 10000». jazzdisco.org. Henta 23. august 2014.
  3. «'Round Midnight Kenny Burrell». concordmusicgroup.com. Henta 23. august 2014.
  4. http://www.allmusic.com/album/riding-with-the-king-mw0000066846/credits

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Joe Sample