Hopp til innhald

Gdov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gdov
Гдов
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Pskov
Høgd 40 m
Areal 5 km²
Folketal 3 465 (2021)
Grunnlagd 1300-talet
   Bystatus 1708
Retningsnummer +7 81131
Kart
Gdov
58°45′00″N 27°49′00″E / 58.75°N 27.816666666667°E / 58.75; 27.816666666667
Wikimedia Commons: Gdov

Gdov (russisk Гдов) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 3 500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Gdovka, berre to kilometer før utløpet i innsjøen Peipus.

Gdov vart grunnlagd på 1300-talet, som ein utpost for å verne byen Pskov. I 1431–1434 bygde Pskov ei festning der og restane av ho er framleis synleg i dag. Byen vart angripe ved fleire høve av svenskar og polakkar (som under den nordiske tjuefemårskrigen og ingermanlandskrigen), men vart omsider returnert til Russland i 1617.

I 1780 fekk Gdov formelt status som by. I mai 1919 vart Gdov erobra av «dei kvite» under general Rodzianko, saman med Pskov og Jamburg.

Under den tyske tilbaketrekkinga i 1944 øydela Wehrmacht med overlegg mange av kyrkene i Gdov, som var rekna som dei vakraste døma på pskovsk mellomalderarkitektur. Dei historiske monumenta i byen er delvis vorte restaurert i tida etter den andre verdskrigen.

Under den kalde krigen låg ein aktiv flybase, Smuravjevo, nordaust for byen.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Gdov