Hopp til innhald

Formentera

Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Geografi
StadMiddelhavet
Koordinatar38°42′N 1°27′E / 38.700°N 1.450°E / 38.700; 1.450
ØygruppeIlles Pitiüses i Balearane
Areal83,24 km² km²
Høgaste punkt119 moh.
Administrasjon
Land{{{land}}}
Største busetnadSant Francesc Xavier
Demografi
Folketal7461 (2002)
Folketettleik90 /km²

Formentera er den minste og sørlegaste øya i Illes Pitiüses i Balearane i Spania. Ho er 19 km lang og ligg om lag 6 km sør for Ibiza i Middelhavet. Dei største landsabyane her er Sant Francesc Xavier, Sant Ferran de ses Roques, El Pilar de la Mola og La Savina.

Ein kan berre nå øya med båt frå Ibiza og ho er derfor den rolegare av dei to øyane. I nyare år har likevel turismen auka kraftig her òg. Øya er kjend for dei flotte strendene.

Nord for Formentera ligg den vesle øya Espalmador (Illa de s'Empalmador). Espalmador er skild frå Formentera av ein grunn sandbanke og ved fjøre sjø er det mogeleg å vasse mellom dei to øyane.

Formentera består av ein kommune, som òg heiter Formentera, og han hadde 7461 innbyggjarar i 2002. Øya har eit areal på 83,24 km².

Ein snakkar ein lokal diakelt av katalansk på Formentera.

Namnet på øya er sagt å kome frå det latinske ordet frumentarium, som tyder «kornmagasin». Øya var busett av kartagenarar før romarane tok over. Dei neste hundre åra gjekk øya til vestgotarane, Austromarriket, vandalar og arabarar. Ho vart erobra av katalanarar og underlagt Aragon og i mellomalderen Kongedømet Mallorca.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Formentera
Reiseguide for Formentera frå Wikivoyage